NOMAS
stad: Cafè MIR, Toftesgt. 69
tid: 28. mai klokka 21.00
pris: 100,- (billettsalet starter klokka 20.00)
NOMAS er eit resultat av det nye studiet Master i Nordisk Folkemusikk (www.nordicmaster.net) som er i samarbeid mellom Sibelius Akademiet i Helsingfors, Carl Nielsen Akademiet i Odense, Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og Ole Bull Akademiet på Voss. NOMAS er dei seks fyrste musikarane med master i nordisk folkemusikk, og er dermed pionerar for dette studiet og er det aller fyrste heil-nordiske folkemusikkbandet i verda.
Vidar Skrede – hardingfele, fele, gitar – frå Haugesund (og halvt islending), er ein framståande musikar og kjent gjennom sine eineståande låt-komposisjonar og band som «Geitungen»(Rogalands band med platepris bak seg), «AAMOS» «Stimenn», «Den Store Norske Gitarkvartett» og «Fant&Fente». Han er også ein stødig berar og formidlar av den særeigne folkemusikken frå Rogaland. www.vidarskrede.no
Michael Graubæk – fele, bratsj – frå Danmark, har spelt sidan barndomen og er ein av Danmarks mest talentfulle spelemenn på den Danske folkemusikkscena i dag. Han er å høyra i band som «ZAR», «TrioTHG» og «Klaus Pindstrups Orkester». www.myspace.com/michaelgraubaek
Christian Stærke – bass – også frå Danmark, er ein virtuos og talentfull komponist av det uventa. Ved sidan av NOMAS er han aktiv i band som «Anders Greis Band» og hans eigen kvintett, «Stærke». www.myspace.com/138695959
Carl Nyqvist – fele– frå Sverige, har utmerka seg som er riksspelman og har spesialisert seg tradisjonen på vestkysten av Sverige kor han voks opp. Han er ein ettertrakta musikar i sitt felt og blir også mykje brukt som lærar.
Olli Kari – trekkspel – frå Finland, høyrer til den nye eliten av finsk folkemusikk av i dag. Nyleg har Olli utforska jazz og rock gjennom band som «Espoo Big Band» dirigert av Maria Schneider, rockebandet «Umbra». Olli har halde konsertar over heile verda trass hans unge alder.
Pauliina Pajala – fele – også frå Finland og den einaste jenta i bandet. Ho er ein dyktig musikar og komponist med lidenskap for finsk folkemusikk sidan barndommen. Ho har spelt mykje til dans og er å høyra i band som «Blatentsaine», «Thalamus» og ymse duoar.
Velkommen til vårens siste konsert på Cafè MIR!
Denne konserten er det Riksscenen som arrangerer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar