Aslak O. Brimi & Erlend Viken
stad: Cafè MIR, Toftesgt. 69
tid: torsdag 21.mai klokka 2100
pris: Gratiskonsert!
PLATESLEPP!
Kjære publikum! Ein kan ikkje ønskje seg ein betre start på ei langhelg: Velkommen til konsert med jam etterpå!
Denne duoen består av to unge felespelarar frå Lom og Oppdal. Både Aslak og Erlend kjem frå folkemusikkfamiliar, og dei arbeider aktivt med å ta vare på og utvikle slåttemusikk frå tradisjonsområda deira. Begge er sterke solistar og har gjort det særs godt på nasjonale konkurransar i folkemusikk.
Aslak og Erlend møttest første gong på landskappleiken i 1999, og etter det har dei trefst på mange kappleikar og festivalar, så slik fell det seg naturleg at dei har spelt mykje ilag.
Dei er aktuelle med plata ”Duo” på ta:lik. (http://www.tallik.no/. Her får du høyre slåttar som har vore ”hits” i fleire generasjonar, men hovudmengda av slåttane er likevel lite brukte. Samspelet til Aslak og Erlend inneheld både gamle og nye samspelformar. Dei spelar unisont og ”grovt og grant”, men er samtidig krydra av tida dei lever i. Fleire av slåttane er meir avansert harmonisert, og syner noko av det som er mogleg å gjere med slåttemusikken. Resultatet blir eit tett og progressivt lydbilete der fokuset alltid er på melodiane.
Heimeside: www.myspace.com/feleduo
Folk på MIR er eit samarbeidsprosjekt mellom Den norske folkemusikkscena, Riksscenen og OsloFOLK.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar