mandag 28. august 2017

Sesongstart 31. august

Me ser fram mot ein fantastisk konsertsesong på Riksscena, og opnar med Rímur & Saumur førstkomande torsdag 31. aug.

Vel møtt!

Beste helsing
OsloFolk

tirsdag 14. februar 2017

Nytt år og nytt styre! Og sjølvsagt konsert kommande torsdag!

Sidan sist har me hatt årsmøte i OsloFolk og konstituert nytt styre. Ny leiar er Hilde Fjærdingøy! Frå venstre i bildet ser du Isa M. A. Isene, Jannike Svensvik og Solfrid Nestegard Gjeldokk med Hilde Fjærdingøy i front. Hurra!


Førstkommande torsdag, altså 16. februar, ser me fram i mot å ta i mot den svenske megatrioen Ahlberg, Ek &Roswall (på bildet under) og den norsk/amerikanske superduoen med Olav L. Mjelva og Eli West! Kom på torsdag! 

Foto: Olle Melkerhed

onsdag 8. februar 2017

ANNAR BY & PÅL BRATÅS TRIO 9. FEBRUAR

I morgon fer me besøk tå sjølvaste Annar By & Pål Bratås Trio! Då veit de vel kva de skal gjere i morgonkveld? Hehe.