Trio NOR
stad: Cafè MIR, Toftesgt. 69
tid: 26. mars, klokka 21.00
pris: kr. 100,- (billettsalet startar klokka 20.00)
pris: kr. 100,- (billettsalet startar klokka 20.00)
Knut Hamre, Anders Bjernulf og Arto Järvelä er av dei fremste spelemennene i heimlanda, Noreg, Sverige og Finland. Torsdag 26.mars speler dei saman i gruppa Trio NOR for FOLK på MIR! OsloFOLK ønskjer deg velkomen til konsert!

Knut Hamre (f.1952) fra Hardanger har vunne landskappleiken ikkje mindre enn sju gonger med m.a. kongepokal fra 1981. Han har motteke Edvard Grieg prisen og myllargutprisen, Hilmar Aleksandersens- og Ander Kjerlands minneprisar, han har ni plateutgjevingar i ryggen, deriblant Toneflaum med Hallvard T. Bjørgum og Bjarne Herrefoss som vann spelemannsprisen i 1998, og har spelt med ei mengd musikarar i mange genrer fra inn- og utland. Kort sagt ein av våre aller fremste utøverar. www.myspace.com/knuthamre
Anders Bjernulf (f.1966) fra Rättvik i Dalarna, Sverige, vart Riksspelmann i Sverige alt som 21-åring i 1987. Trass sin relativt unge alder har Anders etablert seg som ein av Sveriges aller fremste spelemenn. Han har eit alderdommelig og samtidig kraftfullt uttrykk, noko som har resultert i eit særprega, personlig og "uppskattad" uttrykk. Anders har gjeve ut fem plater og har turnert norden såvel som USA og Canada. Han har undervist ved Sibeliusakademiet i Helsingfors og har ellers hatt uttallige elevar på fele i Sverige. www.myspace.com/bjernulf
Arto Järvelä (f.1964) fra Hattula i finland er omtalt i finsk folkemusikkleksikon som ein av vår tids viktigste spelemenn. Medan han studerte på Kaustinen grunnla han det legendariske bandet JPP i 1982 som har gjeve ut til saman 9 album og turnert over heile verda. Arto har i alt medvirka på over 80 album over hele verda og blir, ikkje utan grunn, kalla "den mest opptekne mannen i finsk folkemusikk". I tillegg til fele spiller han nykkelharpe, mandolin og kantele, men fele er og blir hovudinstrumentet til denne verdsstjerna. http://www.musicfinland.com/arto/ eller www.myspace.com/artojarvela
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar