fredag 27. mars 2009

SVER

Folk på MIR presenterer:

SVER


stad: Cafè MIR, Toftesgt. 69
tid: 02. april, klokka 21.00
pris: kr. 100,- (billettsalet startar klokka 20.00)


Ordet "sver", er et utrykk frå Røros som blir brukt om noe stort og flott, eller staut og heftig, og dette er noko SVER vil formidle gjennom musikken. Gruppa har tradisjonsbasisen frå folkemusikken i Røros-området, men hentar også viktige impulsar frå Hallingdal og Hardanger. I tillegg vert det spela mykje eigenkomponert materiale.

Musikken til SVER er kjenneteikna av høgt energinivå, tett samspel og kreative og moderne arrangement som tek den norske folkemusikken med til eit nytt og tiltalande uttrykk. Det er eit folkemusikkens ”powerband”, som leverer eit rytmisk driv og ei speleglede som er sterkt medrivande! På scena er SVER ei oppleving som får gliset fram på dei fleste, med futt og fart, humor og musikalske overraskingar som perler på ei snor.

Info: http://www.sver.biz/ eller http://www.myspace.com/sverfolk

Konserten blir arrangert av Den norske folkemusikkscena

Ingen kommentarer: