søndag 27. mars 2016

ODDE/SULHEIM/BRIMI

Sidan sist har me hatt besøk tå den svensk/norske supergruppa RIM, som inkluderte vår eigne Hilde Fjerdingøy, og duoen Holmen/Odde. I samband med denne konserten blei kvinnedagen markert med oppvarming frå den årlege samansettinga av OsloFOLK spelekvinnelag under leiing av Olaug Furusæter! Me i OsloFOLK er glad i markeringar og i høve St. Patricks day fekk me besøk av irske Andy Irvine som spelte ein heilt fantastisk konsert til fornøying til utseld sal!

Til fystkomande torsdag, 31. mars, får me igjen besøk av Bjørn Kåre Odde, samans med Aslak Brimi og Astrid Sulheim, alle frå Lom i Grudbrandsdalen! Saman kjem dei med ei ny plate for å heidre musikken av og etter spelemannen og lomveren Sjugurd Garmo!

Odde/Sulheim/Brimi


OsloFOLK Spelkvinnelag
Foto: Knut Utler



Varmt velkomne på konsert, me sjåast på torsdag!


/OsloFOLK

Ingen kommentarer: