mandag 15. februar 2016

No skjer det saker!

No er me godt i gong med vårens Folk på Torsdag-sesong! På sesongopninga hadde me fantastiske Sinikka Langeland Ensemble! Mange fleire flotte konsertar er i vente (program til høgre på sida)! 

Sjølv om sida vår ikkje har vore oppdatert noko særleg i det siste, betyr ikkje det at me i OsloFOLK har vore inaktive. I det siste har me mellom anna valgt nytt styre for 2016, der Lina Hennum blei valgt til ny styreleiar! No held me på med bookinga for haustsesongen 2016, og det ser ut til å bli ein utruleg bra sesong!
Me i OsloFOLK har ikkje berre tørre møter, og skriveriarbeid, me likar å jobbe litt kreativt og er i gong med å lage vimplar som etterkvart vil vere å sjå i konsertsalen, her er eit døme på korleis dei blir:



I kveld er det duka for kaffidrikking, sjokoladespising og siste bookingmøte for styret i OsloFOLK. 


Vil du vere med å bestemme kva som blir å stå på scena på Folk på Torsdag? Syns du me ser ut som ein triveleg gjeng? Høyrest kjekt ut å arrangere konsertserie saman med oss?  Då er det berre å ta kontakt for å vere med!

No på torsdag sjåast me til konsert med trekkspeldronning Maria Kalaniemi og pianist Timo Alakotila!
Facebookevent: https://www.facebook.com/events/192502804427111/
Meir info og billetter finns på riksscenen.no
Eller facebook: https://www.facebook.com/folkpaatorsdag/ (følg oss!)

Sjåast på torsdag!
/OsloFOLK

Ingen kommentarer: