
Kim André Rysstad er fersk vinnar av IntroFOLK 2009!
Kim André Rysstad - song
Lajla Renate Buer Storli - song, hardingfele
John Ole Morken - gitar, fele, hardingfele
Folkemusikken frå Setesdal, Hardanger og Røros-distriktet møter kvarandre når Kim André Rysstad, Lajla Buer Storli og John Ole Morken held konsert ilag! Kombinasjonen fele, gitar og to sterke kvedarstemmer gjer sitt til at utrykket vert både heftig og vakkert! Publikum vil få servert folkemusikk, både tradisjonell og i arrangert form; som tek utrykket mot eit vise/country preg ispedd litt pop!
Hardingfelespelar og kvedar, Lajla Buer Storli frå Kvalvik i Hardanger, er freelance utøvar med ei konsertliste av dei sjeldne som omfattar Noreg, USA, Tyskland og Italia. John Ole Morken frå Ålen utanfor Røros, er fyrst og fremst felespelar, men trakterer og gitar på framifrå vis. Morken vart nominert til Spelemannsprisen for si første solo plate under årets Spelemannspris! ”Tak hardt uti hand” fekk under Norwegian Folk Music Awards 2008 pris for Årets Solo Album, og det er Setesdølen Kim André Rysstad si debut plate. Rysstad har hausta svært gode kritikkar for både plate og stemmeprakt.
NRK-opptak med Rysstad/ Morken /Storli på Riksscenen sin scene under by:Larm 2009 på YouTube:sted: Cafè MIR, Toftesgt. 69
tid: 15. oktober, klokka 21.00
billett: kr 100, salg ved inngang fra klokka 20.00
arrangør: OsloFOLK
Myspace:
http://www.myspace.com/karysstad
http://www.myspace.com/lajlarenatebuerstorli
http://www.myspace.com/johnolemorken
Velkommen til konsert!
Folk på MIR er et samarbeid mellom OsloFOLK, Den norske folkemusikkscena, Riksscenen og Cafè MiR. Konsertserien Folk på MiR 2009 er støttet av Norsk kulturråd, Fond for utøvende kunstnere og Oslo kommune.
Last ned hele programmet her (perfekt for kjøleskap!)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar