- opnar sin Europaturnè!

stad: Cafè MIR, Toftesgt. 69
tid: 29. oktober, klokka 21.00
billett: kr 100, sal i døra frå klokka 20.00
arrangør: OsloFOLK
Karl Seglem t.sax og div. bukkehorn
Håkon Høgemo hardingfeler
Gjermund Silset el.bass, bass
Olav Torget el.gitar, konting
Harald Skullerud trommer, perkusjon
Karl Seglem er ein pioner innan omgrepet folk-jazz. Gjennom 25 år og like mange album har han forska og arbeida fram eit eige uttrykk bygd på norsk folkemusikk. Musikken lear seg i landskap mellom tradisjonalitet og modernitet. Seglems musikk har stort spenn. Som tenorsaksofonist og
bukkehorn-spelar, er han i ein klasse for seg, og som komponist har Karl Seglem meisla ut eit heilt eige tonespråk.
Den siste CD-utgjevinga med folk-jazz kvintetten heiter “URBS” og mottok overveldande kritikkar då den kom i 2007. Mange kritikarar framheva den unike musikken som oppstår når ein på ein audmjuk måte sameinar det mange oppfattar som eit norsk folketonespråk - med improvisasjon, og med element frå andre musikktradisjonar.
Konsertane til Seglem med band er kjent for å vera energiske og utadvendte. Ikkje minst er dei skildra som sjangeroverskridande. Støy frå bukkehorn, sterke og vakre melodiar, elektronika-svev, klangflater, rurale folketone-ekko frå hardingfelestrøk og heftig urban improvisasjon.
Bandet er igang med ny CD (2010) og presenterer noko av det nye materialet på haustens turne.
Etter konserten inviterer vi til JAM, så om du speler sjølv - ta med instrument!
Velkommen til konsert og JAM!
Folk på MIR er et samarbeid mellom OsloFOLK, Den norske folkemusikkscena, Riksscenen og Cafè MiR. Konsertserien Folk på MiR 2009 er støttet av Norsk kulturråd, Fond for utøvende kunstnere og Oslo kommune.
Last ned hele programmet her (perfekt for kjøleskap!)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar