Destination Nordfjord: Britt Pernille Frøholm - Sigrid Moldestad
Stad: Cafe MIR, Toftesgt. 69Tid: torsdag 7. mai kl 21.00 (billettsal i døra frå kl. 20.00)
Pris: kr. 100,-
- reisetips, fotballhistorer og musikk du sjeldan høyrer …
Sigrid Moldestad og Britt Pernille Frøholm gir deg alt dette på MIR på torsdag!
Dei har begge sterke røter eit område kjend for sine spektakulære naturopplevingar og mange merkenamn; Moods of Norway, Ricco Vero, Olden, fotballheltane Flo, Honndalstauser og Nordfjord Kjøt - for å nemne nokre ...
Med musikk ein sjeldan høyrer frå Nordfjord, hovudsaklig på vanlig fele, ynskjer Frøholm og Moldestad å røre saman alt dette til ein litt uvanlig Nordfjord-meny! Dei er begge travle damer med eigne soloprosjekt, men møtes stadig for å dyrke sine særinteresser for gamalt og godt frå Nordfjord: språk, musikk og historier.
Britt Pernille Frøholm er frå Hornindal og hausta mange gode kritikkar for debutplata si “For alje dei”. Sigrid Moldestad frå Breim fekk Spellemannsprisen 2007 for plata si “TAUS”. Dette er første gong du kan oppleve dei to folkemusikkutøvøarane på konsert saman.
NESTE TORSDAG: TYVA KYZY - unike kvinnelege strupesongarar frå Tuva i Russland
Folk på MIR er eit samarbeid mellom Den norske Folkemusikkscena, OsloFOLK, og RIKSSCENEN.
Les meir her: www.riksscenen.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar